Stoveglaset
Eg sit og ser gjennom stoveglaset
så mykje vakkert og vent å sjå.
Her nedi bakken står grøne graset,
snart må det falla for nyslipt ljå.
Men oppom huset, i bratte lia,
der unge frukttre så frodig står.
Og når det lir imot haustingstida,
me søte plommer og eple får.
Og ned på dammen, kalt "Sjurastemma"
ligg Andemora med sine små.
No må dei lære ta seg i vare
for mange farar som lurer på.
Og sola sender dei siste stråler
for denne dagen, no er det kveld.
Ho daler ned bakom "Askøylandet",
mens Himmelranda vert raud som eld.
Slektsband
Vår slekt er lenka saman med sterke, fine band.
Det er så ein kan merke me vandrar hand i hand.
Me er så veldig mange, så ringen den vert stor.
Me tenkjer på kvarandre og sender varme ord.
Og karusellen rullar, den går frå år til år.
Det vil den alltid gjere så lenge verda står.
Har du lyst bli med på ferda, så meld deg berre på.
Der kan du og få svar på så mangt du grundar på.
Eg sette meg og tenkte, eg var så veldig spent.
Eg spurde Gud om dette med meg han hadde tenkt.
Og før eg visste ordet, eg hadde takka, ja!
Eg kjende meg så roleg, så trygg, ja, beint fram glad!
Nå reise mi er ferdig, den var på forhand satt.
No vil eg berre takka for alt som eg har fått.
Me hadde fine stunder, med tale og med sang.
Og praten den gjekk livleg når først den kom i gang.
Til deg som sit og sturer og har det trist og leit.
Kan tru eg føler med deg, det er ikkje så greitt.
Eit råd det kan eg gi deg, der trøyst og hjelp du får
Frå han som sit ved roret på karusellen vår.
Mi kjære slekt og vener , vil du på reisa dra,
eg sender med eit ynskje, at du som eg vært glad.
Lat oss med glede minnast: kvarandre handa gav
- det fine, sterke bandet må aldri slitna av!
Haust
Når vår og sommar er tilbake lagt,
då har vi haust, "vemodig" blir det sagt.
Men likevel, når tanken spelar fritt,
då ser vi godane den har oss gitt.
Av frukt og bær vi nyte kan kvar dag
og friske grønsaker av mange slag.
Velkomen haust, med ridomen vi får!
Stor takk til Gud som bak det hele står.
Sjå skogen i sin skjønne fargeprakt,
der du står kledt i haustens vakre drakt.
Eit skaparverk vi her beundre må,
dei mange fargar er eit syn å sjå.
Det er naturens flotte maleri,
la oss det nyte, ta ei lita ti`
Du skal få merke, kjenne i ditt sinn,
at det gjer godt, gir fred i hugen din.
Martha, 1993
Det kveldast
Når det tek til å kveldast,
Og myrkre faller på,
Og du tek til å eldast,
Kva tenkjer du på då?
Sei takk, for glade dagar,
Og trøyst i sorg og sut.
Det skin eit lys der framme-
Det sloknar aldri ut!
Takk for livet
Eg takker deg Herre for livet
for dagar og år du meg gav
for dagar med solskinn og gleder,
men og på eit bårefullt hav.
Og når eg heldt på å gå under,
Då greip du mi høgre hand.
Du lova og alltid bli hos meg
Og førte meg trygt i mot land.
Hjelp meg å dele med andre
Av det eg har fått i frå deg,
Og vis meg den vegen å vandre,
Som du har lagt ferdig for meg
Eg takkar deg Herre for livet,
ditt liv du har ofra for meg.
Din kjærleik er heilt utan grenser,
Eg takker og lovpriser deg.