Som fange på veg mot Rom seilte Paulus forbi Godhavn, ei havn på sørsida av Kreta. Han var romersk fange og seilskipet hadde 276 personer ombord (Apg 27, vers 8 og 37). Han var på veg til sjølvaste Keisaren i Rom for at også han kunne bli nådd med evangeliet.
Bakgrunn: Han var blitt fanga av romarane i Jerusalem pga opptøya som oppsto der og han blei vidare sett i forvaring i Cæsarea, nord i Israel. Sidan han meinte at han ikkje hadde noko å stå til rekneskap overfor jødane anka han som romersk statsborga saka si vidare opp. Dette førte han vidare som fange til Rom. Både overfor Felix og Festus som den gongen var landshovdingar forkynte han evangeliet, også overfor kong Agrippa. (Apg 24-26). Jesus stod 20 år tidlegare framfor landshovdingen Pilatus og rettsaka vart ført av romarar og dommen vart avsagt utanfor Jerusalem. Paulus opplevde mykje det same. Styresmakter og religiøse parti i Jerusalem heldt heller ingen forsvarstale overfor Paulus.
Når Paulus, som fange seila forbi Godhavn på Kreta, var det seinhaustes etter fasten (Apg 27:9) (som var ein del av Yom Kippur feiringa i forbindelse med Løvhytte festen). Paulus var vel kjent med havet. Sjølv hadde han opplevd skipsforlis 3 gongar og hadde også drive omkring på ope hav ei heil natt og dag. (2. kor 11:25). Paulus sitt råd var at båten ikkje måtte reisa videre her i fra denne havna. Hittil hadde båten lagt i le av land heilt frå Israel. Lenger vest på denne øya låg det ei betre havn (Føniks) (Apg 27:12) som mannskapet heller ville overvintre i. Her ble 2 råd stilt overfor kvarandre. Mannskapet som ikkje kjente Gud meinte at det var betre i havna lenger vest, men Paulus som kjente Gud såg at det var forbunde med ”ulykke og stort tap”. Ved å følge Jesus og hans råd og ord har vi for våre liv funne den ”trygge havn”. Råd verden vil gje oss sjølv om dei tilsynelatande ser gode ut er ikkje alltid til det beste for oss.
Guds ord som rettleder oss og råder oss og å være i nærvar av han som stiller stormen blir Godhavn for oss.
Copyright eef. All rights reserved.
bibeltime av Erling Røsvik