Vranglære                                        Bedehuset Emmaus, Haukås, 3.okt 2010

Då eg skulle førebu meg til denne talen og finna noko å snakka om, syns eg det var vanskeleg. Men eg fekk til slutt roen for eit tema som eg ikkje har høyrt så mykje tale om, nemleg vranglære. Gal lære. Det er med andre ord ei lære som er rett og ei som er vrang. Eit litt spesielt tema for ein tale, kanskje, men ved å belysa dette temaet for ein også framheva det som er rett og sann lære.

Det er jo ingen hemmelegheit at Bibelen åtvarar mot vranglære.
Kva er det som er så farleg med vranglære? Eg trur at t.d. islam eller hinduismen eller buddhismen er ikkje vranglære. Det er heilt andre religionar. Det er sjølvsagt ikkje rett lære og du når ikkje himmelen ved å hengi deg til desse religionar. Men vranglære i vår samanheng, slik det står om i Bibelen, er for oss truleg fårlegare. Det er lett å ta avstand frå islam eller hinduisme, for forskjellane er så tydelege. Alle er jo einige om det. Det som gjer vranglæra som vi her talar om så mykje farlegare er at ein gjer små endringar i det trusgrunnlaget som vi allereie har, men som har så enorme konsekvensar. Dei legg litt til eller trekkjer litt frå, slik at resultatet blir at frelsesgrunnlaget forsvinn. Det er nok difor Johannes talar så strengt i Openberringsboka kap. 22, 18-19.(les) Paulus talar i framtid når han i 2.Tim.4,3-4(les) åtvarar mot vranglære. Det at han talar om framtida gjer at me kanskje bør vokta i vårt samfunn.

Det står ganske mykje om vranglære og vranglærarar i Skrifta og me har ikkje tid til å lesa alt, men me skal slå opp nokre ord.

Fyrst tenkte eg å nemna tre ulike retningar som Paulus møtte og skreiv mot i sine brev. Og så skal me sjå om det er enkelte trekk frå desse tre retningane som me kan læra litt av.
1.        Judaistane: desse var av dei tidlege motstandarane. Det var jødar som tok imot Jesus som Messias, men som hevda at det å tru på Jesus ikkje var nok. Ein måtte i tillegg halda lova og forskriftene og la seg omskjera. Desse ville påleggja hedningane å halda lova.
2.        Gnostikarane/Visdomslære: Enkelt sagt: dei sto for ein "kristendom" som var svært påverka av gresk tankegods. For å bli frelst blanda ein inn englar som mellommenn og "gnosis", som var ein slags hemmelig innsikt som var for dei innvidde. Dei stod for ei slags visdomslære, som tåkela kjernen i evangeliet.
3.        Libertinarane: Dei forkynte ein falsk fridom. Dei sette si æra i å leva moralsk laussluppent og som eigentleg hadde "buken til gud." Sjølv om me er kalla til fridom, betyr ikkje det at me skal synda meir for at nåden skal bli større. Langt i frå, seier Paulus. Dei velsigna eit liv i synd rett og slett.

Eg tenkte me kunne gå litt djupare ned i enkelte av desse særtrekka og sjå om det er noko der me kan ta med oss. (eg snakkar litt generelt, så me får vurdera litt sjølv kor me møter dei ulike momenta i kvardagen)
Viss me byrjar med judaistane:
"        Den type lære som judaistane stod for, at ein måtte halda lova og forskriftene i tillegg til det å tru på Jesus, det er noko som appelerer til oss menneske. Me må gjera noko, prestera, yta noko i gjengjeld for dei godene me får. Døme: dersom du går hen og ranar ein bank inni byn, og så beklagar du i etterkant. Så seier banksjefen at det er greit, og så går han inn og hentar ti gongar så mykje pengar som du hadde rana og seier værsågod. Det blir umuleg for eit menneske å forstå. Og det Gud har gjort for oss overgår dette eksempelet fullstendig.
"        Men er ikkje dette bra då, at ein ynskjer å gjera noko godt? Jo, gode gjerningar er jo bra i seg sjølv, men det som så lett kan snika seg inn er ein form for sjølvrettferdigheit. At dette vert gjort for å rettferdiggjera seg sjølv.  "Det er vel og bra det du har gjort for meg Jesus, men lat meg hjelpa litt til, slik at eg er heilt sikker på at eg vert frelst."

Det er to ting å sei om det:

1.        I Gal. 5,4 står det at: "Dere er skilt fra Kristus, dere som vil bli rettferdiggjort ved loven, dere er falt ut av nåden." For når det gjeld frelsa, kan ein ikkje støtta seg litt på nåden og litt på eigne gjerningar, det er enten eller. Skulle ein vilja bygga på dei gode gjerningane sine, ja, då vert dei dårlege og rekna med, og me skjønar at det ikkje går bra. Når me er i Gal. Kap.5 kan me gjerne ta med v.1 også: Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor fast, og lat dykk ikkje på nytt leggja under trældoms åk.
(Apg. 15, 10: Kvifor freistar de då Gud, og legg eit åk på nakken til læresveinane som korkje fedrane våre eller vi var i stand til å bera?)

2.        Det andre er at ein seier at det Jesu gjort for oss ikkje er nok. Det er for dårleg, det kan ikkje hjelpa meg til himmelen. Ein gjer i grunn Gud til ein lygnar for ein seier indirekte at sjølv om Gud har sagt at Jesu verk er nok, så er det ikkje det, Gud du lyg! Dette er alvorleg.

Ein interessant situasjon: I Matt.kap 15. kan me lesa at farisearane og dei skriftlærde prøver å irettesetja Jesus av di læresveinane ikkje vaska hendene før dei skulle eta. Jesus snur på det og seier at farisearane og dei skriftlærde bryt Guds bod på grunn av sine eigne reglar(les frå v 4-6.) I v.9: ...dei kjem med lærdomar som er menneskebod.
"        "Menneskebod" må vel kunne seiast å vera eit tillegg. Det er ikkje nok det Gud har lagt klar for oss, du må i tillegg gjere "dette"...

Lat oss slå opp i Kolossarane 2,8: Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag, etter overleverte mennesketankar, etter barnelærdomen i denne verda, og ikkje etter Kristus.
Det er "mennesketankar" og "menneskebod", som me las i stad, i motsetning til det som er Guds tankar og Guds bod.

Me møter også eit par nye uttrykk: visdomslære og barnelærdom. La oss byrja med uttrykket "barnelærdom"

Uttrykket barnelærdomen i denne verda har frå gamalt av vorte oppfatta som loven eller også verdsleg filosofi, det henspeiler vel på at kva som er rett og gale sammenfell i stor grad både i jødisk, kristen og hedensk tradisjon. Men "barnelærdomen" forkastar også Paulus, av di det handlar om korleis mennesket handla for å nå Gud. Det er ikkje plass til Jesu soningsverk her.
"        Gal. 4, 3: Slik var det med oss òg då vi var umyndige, vi var trælbundne under barnelærdomen åt verda.
"        Gal. 4, 9: ...korleis kan de då på nytt venda attende til den veike og fattige barnelærdomen?

Visdomslære: Menneske har lett for å la seg fascinera av det me meiner er visdom. Alle har lyst til å vera vise og kloke, og vinna respekt blant andre menneske. Eit bodskap om at Gud sender Son sin til verda for å dø for alle menneske, slik at dei kan koma til himmelen.
"Greitt nok! Men det må jo vera noko meir her. Noko litt meir fengslande, litt meir krydder, litt meir intellektuelt utfordrande?" I 1. Kor. 1, 18 står det at "ordet om krossen er vel ein dårskap for dei som går fortapt" og i v.22 "jødar krev teikn og grekarar søkjer visdom". Det må på eit vis vera meir enn denne "dårskapen" som Paulus forkynner. Ein må krevja eit visst nivå av visdom og innsikt for å nå frelse. Ein må ha ein slags kunnskap som kanskje er kun for dei innvidde. Det er nærliggjande for menneske å tenkja slik. Det tiltrekker menneskesinnet å måtta ha hemmeleg innsikt, noko som andre ikkje har, noko som kanskje gjer oss litt spesielle i forhold til andre.

Her kjem evangeliet i kontrast med sin enkle bodskap, ein bodskap som er for alle. Ein må ikkje vera veldig smart eller intellektuell for å forstå det grunnleggande i evangeliet. På den andre sida sluttar ein aldri å undre seg over enkelte ting, og det er jammen mykje å bryna tankane på også i Skrifta, men det viktigaste er klart og enkelt. "Han som vil at alle skal bli frelst""

Libertinere:Dei forkynte altså ein falsk fridom, og oppmoda til eit laussluppe liv. Tanken var då truleg at ved at synda vart stor skulle nåden verta enno større. Paulus skriv jo om dette i Rom, kap.6 der han mellom anna seier at "vi som er døde fra synden, hvordan skulle vi ennå leve i den?"Eg trur me ganske raskt skjønar at dette aldri har vore Guds tanke. Å betala for vår synd, med livet til sin einaste son, for at me igjen skal underleggja oss eit liv i synd. Det er som ein gris som ein spyler rein. Det går berre eit par minutt før han på ny veltar seg i søla slik han allltid har gjort, det er det han trivst med og ser ikkje nokon grunn for å gje seg med det. Og det er vel slik også med ein kristen som kan hevda noko slikt. Annleis er det med oss som har fått møta Jesus, teke mot han i våre hjarte, opplevd å bli tilgjevne frå alle våre feiltrinn. Det å kjenne seg tilgitt av Gud, gir ikkje lyst til å fortsetja å leva i synd. Nokre kjente vers i 1. Joh.2, 3-4 gjer dette klart for oss(les).
Sjølvsagt kan ein kristen synda...igjen og igjen, men i 1.Joh.2,1-2 er trøysta for den som ynskjer å høyra Jesus til.


I Fil. 1, 15-18 skriv Paulus: Noen er det nok som forkynner Kristus på grunn av misunnelse og stridslyst, men andre gjør det av god vilje. Disse gjør det av kjærlighet, for de vet at jeg er satt til å forsvare evangeliet. De andre forkynner Kristus av ærgjerrighet, ikke med et rent sinn, men med den tanke å føye trengsel til mine lenker. Hva så? Kristus blir i alle fall forkynt enten det nå skjer med baktanker eller i sannhet. Over dette gleder jeg meg. Ja, jeg vil også fortsatt glede meg.

Her er det òg nokre som står Paulus i mot. Men Paulus seier likevel at han gleder seg over at Kristus vert forkynt. Her verkar det til at det ikkje er noko gale med sjølve læra som vert forkynt, det er ikkje vranglære. Men truleg har desse som står Paulus i mot meint at han har gjort seg skuldig i overtredelse av verdslege lovar og at han fekk som fortent. At prøvelsane hans ikkje skuldast evangeliet.

Paulus viser her sin storheit med at han i alle fall gler seg over at evangeliet vert forkynt. Det har nok vore sårande for han at andre sår tvil om han. Det ser vi jo også i andre brev når han forsvarer seg.



Me er så heldige at me har fått evangeliet om Jesus rett forkynt for oss, og det får me kvar sundag. Me kjenner kjernen i bodskapen og veit at det er ved tru åleine at me ein dag skal nå himmelen. Det er likevel viktig alltid å passa på og verna om denne skatten sånn at me er krystallklare på kva som er  frelsesgrunnen vår. Det står i Gal. 1, 9: Men selv om vi eller en engel fra himmelen skulle forkynne dere et annet evangelium enn det vi har forkynt dere, han være forbannet!
Vranglæra vil ofte prakka på oss nokre ekstra utføra for å bli gode nok, men den einaste gjerning det sanne evangelium gir oss, og den einaste gjerning me  vil byggja vår frelse på, finn me i Joh. 6, 28: Dette  er den gjerning Gud vil de skal gjera: tru på han som Gud har sendt.





Rom. 16, 18: For desse tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk. Og ved sine fagre og smiskande ord dårar dei hjarto hjå dei godtruande.


TRÆLDOMS ÅK:



FORSIDE     |       OM OSS        |        VI TROR     |    KONTAKT  |    PROGRAM